Bjørnafjorden kommune er spådd stor vekst: Ordførar Trine Lindborg gler seg over at vi no har bikka 25.000 i Bjørnafjorden kommune.

No har vi bikka 25.000 innbyggjarar

— Velkomen til kommunen vår, seier ordførar Trine Lindborg (Ap).

Sidan starten av 2020 har innbyggjartalet i Bjørnafjorden kommunen vakse frå 24.908 til 25.049. Det er ein auke på 141 innbyggjarar.

— Det er mange kommunar som slit med det motsette. Vi skal vera glad for veksten, seier ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt overraskande er det ikkje. Bjørnafjorden er spådd å bli ein av kommunane med størst vekst på Vestlandet fram mot 2040.

Fusa opplevde ikkje same veksten som Os før samanslåinga. Nett kvar dei nye bjørnafjordingane har busett seg, om det er på aust- eller vestsida av kommunen, har ein ikkje tal på no.

— Vi veit ikkje korleis dei er fordelte. Eg håpar at det er mange som vel “austkanten”, for å seia det slik. Det er utruleg mange fine plassar og gjerne gløymde perler i den delen, seier Lindborg og held fram:

— Det er uansett kjempekjekt med vekst. Eg vil ønskja alle nye bjørnafjordingar velkomne til kommunen, og eg håpar dei får det bra her hos oss.