Test: Barn i barnehage og elevar i barneskule og ungdomsskule vil no få hurtigtestar med seg for testing heime.

No kan born og unge bli hurtigtesta heime i staden for å gå i karantene

Men dersom nærkontakten har opphalde seg heime hos den smitta eller er kjærast eller besteven, vil regelen om karantene framleis gjelda.

Kommunen opplyser tysdag at barn og unge som har vore nærkontakt til ein koronasmitta person, ikkje lenger treng å gå i karantene. I staden kan dei bli testa med hurtigtest heime.

– Barn i barnehage og elevar i barneskule og ungdomsskule vil få hurtigtestar med seg for testing heime. Elevar i vidaregåande skule vil bli hurtigtesta på skulen, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som har vore nærkontakt på fritida, kan få utdelt hurtigtest på Kolskogen teststasjon og Eikelandsosen legekontor, opplyser kommunen.

Les meir om testopplegget etter smittekontakt her.

Gjennomføring av heimetesting

Barn og unge som skal testast, bør halda avstand til kvarandre fram til første test er negativ, påpeikar kommunen.

På heimesida vert framgangsmåten for hurtigtesting forklart slik:

Hurtigtesten skal takast med ein penselprøve i nedste del av nasen (om lag 2 cm inn). Stikk bomullspinnen inn til bomullsdelen ikkje lenger er synleg. Vri pinnen i 15 sekund i kvart nasebor. Nærare brukarrettleiing ligg i testpakken.

Kva skjer ved positiv test?

Ein eventuell positiv hurtigtest skal bekreftast med ein vanleg test på teststasjonen. I mellomtida skal barnet gå i isolasjon, og uvaksinerte husstandsmedlemer i karantene. Ved positiv hurtigtest skal ein alltid ta kontakt med smittesporingsleiaren i Bjørnafjorden kommune.

For vaksinerte gjeld andre reglar.

Ved negativ hurtigtest er barnet fritatt frå karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unntaket er viss barnet er eller blir forkjøla, har sår hals, hoste eller feber. Då er koronasmitte likevel mogleg.

– Då skal barnet framleis vera i karantene og bestille vanleg test på teststasjonen. Uvaksinerte husstandsmedlemer skal vera i ventekarantene til testsvaret er klart, presiserer kommunen.

– Sjølv om barn og unge no ikkje lengre treng gå i smittekarantene, er det framleis viktig med god hand- og hostehygiene. Alle som er sjuke, skal halda seg heime, vert det lag til.