Normale dagar: Elevar og lærarar kan gle seg over grønt nivå i skulane. Her er glade elevar frå Venneveko ved Fusa Skule. (Arkivfoto)

No vert det grønt nivå på alle skular og i alle barnehagar

Den lokale forskrifta om smittekarantene vert heller ikkje forlenga.

Det har Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune vedteke i samråd med kommuneoverlegen.

– Dette trer i kraft så snart det er praktisk mogleg for barnehagane og skulane. Barnehagane og skulane vil sjølve informera tilsette og føresette, opplyser kommunen måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år, går ut ved midnatt, natt til tysdag.

– Dette betyr at jamleg testing i dei fleste tilfelle kan erstatta smittekarantene for denne gruppa, opplyser kommunen.

Kommuneoverlegen vil informera barnehagar og skular om kva reglar som gjeld, og kva for rutinar vi no skal ha ved smittetilfelle.

Frå og med tysdag 14. september har Bjørnafjorden kommune altså ingen lokale reglar og tiltak, men følgjer dei nasjonale reglane og retningslinjene