Politiet har den siste tida delt ut fleire gebyr for brot på trafikkreglar på Osøyro. Onsdag fekk ei kvinne eit førelegg for å ha brukt mobiltelefonen medan ho køyrde bil.

Nok eit gebyr blei delt ut på Osøyro

Ei kvinne blei ferska av politiet då ho snakka i mobiltelefonen medan ho køyrde bil.

Det er den siste tida fleire bilistar som har fått blitt bøtelagt for ulike forhold på Osøyro. Dei fleste for ignorering av skilting på staden, men onsdag blei det også delt ut ei bot for mobilbruk.

Les også
Politiet ferska ein mann som gjorde to lovbrot på ein gong

– Det har blitt skrivne ut mange bøter i sentrum i det siste, ja, seier politioverbetjent Anne Lyssand og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvinna i 40-åra som blei stoppa onsdag i 15.30-tida, fekk eit førelegg på 1.700 kroner og to prikkar. Ho erkjente forholdet.

Les også
Køyrde mot trafikken i einvegskøyrd gate medan politiet såg på

På Halhjem ferjekai er det ein bilist som to dagar på rad har parkert på fortauet. Dette har politiet fått med seg.

– Eigar av bilen er ei kvinne, som ikkje er frå Os. Politiet skreiv eit førelegg som blei lagt på frontruta, fortel Lyssand.