Nora Nøss er mellom dei aller største talenta i landet.
Nora Nøss er mellom dei aller største talenta i landet.

Nora Nøss tatt ut blant dei aller største talenta i landet

- Vi har tatt ut desse spelarane fordi vi meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjera dei til ein av «Morgendagens helter».

J16-landslagstrenar Harry Hansen, J15-landslagstrenar Elise Richardsen og fagansvarleg for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland, har tatt ut spelarar til Equinor Talentleir i Porsgrunn i perioden 29. juni - 3. juli.

Osing og stortalent Nora Nøss er ei av dei som er tatt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

På J15 er det tatt ut eit landslag og et skyggelandslag. På J14-nivå, der Nora er tatt ut, er det tatt ut to sidestilte troppar.

 - Nokre er her for første gong, medan andre er på veg til si tredje samling i Porsgrunn. Felles for alle er at dei er vurderte til å vera blant landets aller største talent. Dei har overbevist mange på vegen for å bli tatt ut, og vi har tatt ut desse spelarane fordi vi meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjera dei til ein av «Morgendagens helter», seier fagansvarleg Grøttland.  

- Talentleiren er ein viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det vera ein inspirasjonsarena. Forhåpentlegvis gjev ei slik samling spelarane ein ekstra «boost» og viktig læring som dei tar med seg heim i klubbkvardagen sin, seier han vidare.