Samla: Strandvik montessoriskule markerte seg sterkt i First Lego League sist helg. Her er heile gjengen samla.

Noterte seg for første- og tredjeplass i First Lego League

Etter to månaders innsats kunne 26 elevar frå Strandvik Montessoriskule laurdag hausta sine velfortente premier.

Eit lag beståande av 26 elevar frå Strandvik Montesorriskule reiste sist laurdag til Tysnes for å delta på First Lego League Sunnhordland. På førehand hadde elevane jobba med First Lego Leagu-prosjektet i åtte veker, og var godt førebudde og klare for å visa fram arbeidet sitt.

First Lego League

First Lego League er ei av verdas største kunnskaps- og teknologikonkurransar for born og unge i alderen 6-16 år.

Konkurransen har som mål å inspirera born og unge til å bli morgondagens ingeniørar, forskarar og problemløysarar.

I midten av september kvart år vert det sleppt eit nytt oppdrag og dette skal laga løysa i løpet av ein arbeidsperiode på åtte veker.

Her skal dei forska på årets tema, finna ei innovativ løysing på eit problem, og designa og programmera ein LEGO education-robot.

Etter dei åtte vekene skal laga delta i ei lokal turnering der dei vil møta andre lag som har forska på same tema.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter strålande innsats av samtlege elevar, vart Strandvik-elevane nominerte i heile fire kategoriar – for «Innovativt prosjekt», «Teknologipris», «Kjerneverdipris» og «Championspris».

Resultatet vart to pokalar: Ein førsteplass i klassen for «Teknologipris», og ein tredjeplass i klassen for «Kjerneverdiar».

2. plass: Denne gruppa på 6. trinn ved Os barneskule fekk 2. plass i Teknologi.

Andreplass

Også elevar frå Os barneskule var i aksjon på Tysnes sist laurdag.

Dei deltok med to grupper frå 6. trinn og éi gruppe frå 5. trinn.

Både elevar og lærarar var veldig spente på korleis dette kom til å gå.

Prosjektet på 5. trinn var knytt til utfordringane med plast i havet.

På 6. trinn handla det om livet i havet, og det å forska på lusefri oppdrett og trålfiske.

Skulen fortel om flotte framføringar frå alle gruppene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eine gruppa på 6. trinn fekk 2. plass i Teknologi, altså det som gjeld bygging av robot og funksjon.

Plast: Prosjektet på 5. trinn var knytt til utfordringane med plast i havet. Her er det 5. trinn frå Os barneskule som presenterer sitt arbeid.
Deltok: Ei av dei to gruppene frå 6. trinn på Os barneskule.