Forfølgd: Ei kvinne skal ha treft ein oppskaka mann i parken, og spurd om han trong hjelp. Det skal ha blitt starten på eit mareritt.

NRK: Forfølgde og trakasserte “Thea” får ei hjelpande hand frå Riksadvokaten

I meir enn to år skal ei kvinne ha blitt forfølgt og trakassert av ein mann. Alle sakene mot han har blitt lagt bort, men no har Riksadvokaten bede om at dei skal etterforskast på ny.

Det skriv NRK i dag 1. juli. Tilbake i juni, fortalde NRK om “Thea” frå Bjørnafjorden kommune, som tilfeldigvis trefte ein mann i parken ein dag for om lag tre år sidan. Mannen skal ha site på ein benk og gråte. Thea ville hjelpa og spurte om det gjekk bra. Sidan har både kvinna og dottera blitt forfølgt av mannen.

Kvinna har måtta flytta ettersom mannen ikkje stoppa å forfølgja og trakassera. Mannen skal ha blitt meld ti gonger, men alle sakene skal ha blitt lagt bort. Politiet har lagt vekk sakene fordi det har vore tvil om mannens psykiske helse, skriv BT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsadvokaten har heller ikkje villa reisa sak mot mannen, fordi han har vore for frisk til å dømmast til psykisk helsevern, og for sjuk til å straffeforfølgast.

No er sakene opna att.

Mannen skal ha kome til Bjørnafjorden kommune med familien sin i 2019.

Riksadvokaten stadfestar til NRK at det er gjort om på avgjerda om å leggja bort desse sakene, og at politiet skal etterforska på ny. Det skal vera snakk om ni melde brot på besøksforbod i tillegg til omsynslaus åtferd.