Kontroll på Ulven: UP gjennomførte kontroll på Ulven onsdag ettermiddag/kveld.

Null fartssyndarar på Hegglandsdalsvegen, men på Ulven blei det beslaglagt eit førarkort

UP hadde to trafikkontrollar onsdag ettermiddag.

Politioverbetjent Martin Hustrulid Nordeide opplyser i ein e-post om hendingar frå gårsdagen. Der kjem det fram at politiet fekk melding om ein mann som forsynte seg med eit par sko frå ein butikk i Os sentrum i 18-tida.

Vidare skriv Hustrulid at Utrykkingspolitiet (UP) har hatt kontroll på Hegglandsdalen og Ulvenvegen i løpet av onsdag ettermiddag/kveld. På Ulvenvegen blei det gitt to forenkla førelegg for fart. Høgaste farten var 107 km/t i 80-sona.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg blei det oppretta éi melding med førarkortbeslag på bakgrunn av aktive prikkar.

På Hegglandsdalsvegen var det ingen reaksjonar.

Brot på besøksforbod

Ein mann i 20-åra skal onsdag kveld ha vore på ei adresse som han hadde besøksforbod mot. Politiet rykte ut og fekk kontroll på mannen, og plasserte han i arresten for brot på besøksforbod.