Testa positivt: Kvinna testa positivt igår, onsdag.

Ny kvinne i 20-åra koronasmitta

Ei kvinne i 20-åra testa positivt for covid-19 onsdag.

Det melder kommunen på si heimeside.

Dermed har to kvinner i 20-åra testa positivt for covid-19 dei to siste dagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det siste tilfellet har ikkje samband med ungdomsfesten i Kuventræ-området i helga eller smittetilfellet ved Os ungdomsskule som vart meldt tidlegare i dag.

Smittevegen er kjend og frå ein annan kommune. Smittesporing av nærkontaktar pågår.