Delvis vaksinert: Den tilsette som har testa positivt skal vera delvis vaksinert.

Endå ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist smitte

Dette er det femte tilfellet knytta til utbrotet ved sjukeheimen i Os.

Nok ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19. Det melder kommunen på si heimeside i dag.

Den tilsette er delvis vaksinert. Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er det femte smittetilfellet knytt til utbrotet som starta med at ein tilsett testa positivt 27. mai.

Alle tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga blei testa, og dagen etter fekk ein bebuar og ein tilsett påvist covid-19.

Laurdag 29. mai fekk nok ein pasient påvist smitte.

Starta med ein uvaksinert person

— Vi har grunn til å tru at dette utbrotet har starta med ein uvaksinert person, og ikkje nokon som er fullvaksinerte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Han legg til at vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men at det likevel er fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta.

— Det er svært låg risiko for at ein fullvaksinert person kan smitte andre - og endå lågare risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom som følgje av viruset, seier Nordvik Dale.