Ny skule: Alle elevar ved Hegglandsdalen barneskule får ny nærskule når barneskulen på Hjelle står klar til hausten 2021.

Ny skule gjev nye opptaksområde for elevar ved fire barneskular i kommunen

Når Borgafjellet barneskule opnar hausten 2021, får nokre av elevane ved fire barneskular plass på ein annan nærskule enn der dei går i dag.

– Bjørnafjorden kommune har «fritt skuleval». Det betyr at ingen elevar på Os barneskule, Kuventræ barneskule eller Lunde barneskule må byta skule dersom dei ikkje ønskjer det, vert det presisert på kommunen sine heimesider.

Elevar som får ny nærskule, vil få melding frå kommunen om skuleplass frå den skulen dei høyrer til etter dei nye opptaksområda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle elevar ved Hegglandsdalen barneskule får ny nærskule. Vidare gjeld dette elevar i Kuvågen-området som går på Lunde barneskule, elevar i Sollia-området som går på Kuventræ barneskule og elevar som bur «aust om elvo» og går på Os barneskule.

– Vi oppfordrar alle til å nytta seg av nærskuleretten. Elevar ved Os barneskule, Lunde barneskule og Kuventræ barneskule som får ny nærskule, men heller vil halda fram der dei går i dag, må søkja før 1. desember 2020 om å behalda plassen sin. Alle søknadene vil bli innvilga, opplyser kommunen.