Endringar: Klimaendringane vil påverka kvardagen vår i BKK Nett, både med meir uver som kan føra til straumbrot, men også med den store elektrifiseringa av samfunnet, seier den nye toppsjefen i BKK Nett.

Ny toppsjef for straumnettet - får ansvar for 11.000 straumkundar i Os

Ketil Tømmernes er tilsett som administrerande direktør i BKK Nett.

I løpet av våren blir nettselskapa i Kvinnherad og Sunnfjord fusjonert inn i BKK. Selskapet vil då frakta straum til 19 kommunar. BKK Nett har totalt ansvaret for 27.500 kilometer med straumnett på Vestlandet.

– Vi går frå å ha eit bergensfokus til eit vestlandsfokus. Samfunnsoppdraget vårt er unikt, sidan vi har monopol på å frakta straum heim til folk. Klimaendringane vil påverka kvardagen vår i BKK Nett, både med meir uver som kan føra til straumbrot, men også med den store elektrifiseringa av samfunnet. Desse endringane rustar vi oss for no, seier Tømmernes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har vore konstituert i stillinga sidan november.

BKK Nett er heilegid av kraftkonsernet BKK AS, som igjen er eigd av Statkraft, to lokale kraftlag samt 17 vestlandskommunar frå Kvinnherad i sør til Sunnfjord i nord. Ketil Tømmernes blir dermed også del av BKKs konsernleiing.

- Med Ketil Tømmernes er straumnettet i dei beste hender. Han kjenner BKK og Vestlandet godt, blant anna gjennom å ha leia entreprenørselskapet vårt BKK Enotek i fleire år, seier BKKs konsernsjef Jannicke Hilland.