Det er redusert framkost på strekket Os-Bergen etter eit trafikkuhell.

Ny ulukke på Valleheiane: To bilar skal ha kollidert

Det blir opplyst om trafikale problem mellom Os og Bergen etter eit trafikkuhell på Valleheiane.

Tidlegare i dag skal ein bil ha køyrd i ein annan bakfrå. Det førte til trafikale problem, men heldigvis blei det ikkje melde om personskade.

Les også
Trafikale problem mellom Os og Bergen etter ulukke

På Twitter opplyser no både brannvesenet og politiet om ei ny ulukke på Valleheiane.

Artikkelen held fram under annonsen.

To bilar skal vera involverte. Alle som sat i bilane skal ha kome seg ut. Vegtrafikksentralen Vest melder om redusert framkomst.