Oversikt: Frå måndag av må Matgal og andre restaurantar i Bjørnafjorden byrja å føra oversikt over gjester som kjem og går.

Nye forskrifter i Bjørnafjorden: Restaurantane må registrera gjester med namn og nummer

Frå måndag av blir det påbode med munnbind i butikkar og offentlege rom der ein ikkje kan halda meteren. Restaurantane må føra oversikt over gjester.

Fredag kom Bjørnafjorden kommune ut med nye forskrifter i høve til smittevern mot korona. Tidlegare i veka kom det tilråding om bruk av munnbind. No blir det påbod om bruk på fleire stader i kommunen.

Påbodet gjeld innandørs på følgjande offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde 1 meter avstand: Butikkar, fellesareal på kjøpesenter, kollektivtransport, innandørs stasjonsområde og taxi.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg anbefaler kommunen bruk av munnbind på andre offentlege stader og arrangement kor det er vanskeleg å halda avstand.

Det blir også påbod om at restaurantar, skjenkestader og kantiner i kommunen skal føra oversikt over gjester. Namn og nummer skal registrerast.

– Vi innfører desse tiltaka slik at vi forhåpentlegvis kan halda samfunnet ope og hjula i gang, også i tida framover. Helsevesenet er under sterkt press, og no må vi alle saman bidra for å unngå å auka dette presset. I tillegg må vi beskytta dei eldste og mest utsette blant oss, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg og held fram:

– Vi ser at presset på helsetenesta og smittetrykket er ei felles utfordring i regionen. Vi står samla med Bergen om dei nye koronatiltaka og forskrifta blir også innført i Alver, Askøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden.

Ordføraren legg til at du framleis kan gå på planlagte arrangement i både privat og offentleg regi - så lenge du er heilt frisk, held avstand og vaskar eller spritar hendene godt og ofte.

– Eg forstår veldig godt at det sit langt inne å droppa eit etterlengta julebord eller selskap, og det er heller ikkje det som er bodskapen. Men det er svært viktig at du held deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon. Sjølv om du er i OK form, kan du lett smitta andre som ikkje toler infeksjonen like godt, påpeikar Lindborg.

Her er forskriftene som vil gjelda frå måndag 22. november:

FORSKRIFT OM SMITTEVERNTILTAK I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen, i samarbeid med kommunedirektøren i Bjørnafjorden kommune 19. november 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1.

§ 1 Formål og verkeområde

Forskriftas formål er å fastsette smittevernfaglege tiltak for å hindra eller avgrensa spreiing av SARS CoV-2 i befolkninga og blant helsepersonell, og for å sikra at tilstrekkeleg kapasitet i helse- og omsorgstenesta blir oppretthalde, slik at tenesta kan handtera smittesituasjonen og samtidig ivareta ordinære helse- og omsorgstenester, i periodar der smittetala er stigande eller høge.

Forskrifta gjeld i Bjørnafjorden kommune.

§ 2 Skjenkestader, restaurantar, kafear og kantiner

Skjenkestader, restaurantar, kafear, kantiner og andre serveringsstader, skal føra oversikt over gjester. Namn og telefonnummer skal registrerast og i tillegg tidspunkt og dato for besøket. Gjester skal informerast om at ei slik oversikt blir skrive ned. Lista skal oppbevarast i tråd med krav til personvern, og skal slettast etter 14 dagar.

Kontaktopplysningane skal berre brukast for å bistå kommunen ved ei eventuell seinare smittesporing etter smittevernlova § 3-6.

§ 3 Bruk av munnbind

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halda minst éin meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemer, skal det brukast munnbind på butikkar, i fellesareala på kjøpesenter, på kollektivtransport og innandørs stasjonsområde og i taxi.

Bruk av munnbind i taxi skal skje på følgjande måte: Munnbindet skal takast på før passasjeren set seg inn i taxien, og skal ikkje takast av før reisa er avslutta og passasjeren har gått ut av taxien. Plikta til å bruke munnbind gjeld tilsvarande for sjåfør når det er passasjer i taxien.

Krav om å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

§ 4 Ikraftsetjing og varigheit

Forskrifta tar til å gjelda 22. november 2021 kl. 00.00 og gjeld til og med 20. desember 2021.