Tenk deg godt om: – Unntaka frå reiseråda er ikkje ei oppmoding om å reisa. Alle bør tenkja seg godt om før dei eventuelt dreg, vert det understreka i ei pressemelding frå regjeringa, her representert ved justisminister Monica Mæland (H).

Nye reiseråd frå regjeringa: – Ikkje ei oppmoding om å reisa

Fredag føremiddag kom regjeringa med ei oppdatering av reiseråda sine.

Ifølgje dei nye reiseråda kan nordmenn no reisa til mellom anna Frankrike, Spania, Hellas, Italia og Tyskland, utan å hamna i karantene når ein kjem heim.

Bulgaria, Romania, Kroatia, Ungarn, Luxemburg, Portugal og Sverige, bortsett frå tre regionar, vert framleis rekna som for farlege med tanke på smitterisiko, opplyste justisminister Monica Mæland (H) og næringsminister Iselin Nybø (V) på ein pressekonferanse fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regionane det er mogleg å reisa til i Sverige, ligg alle sør i landet: Kronoberg, Skåne og Blekinge. Dei nye reiseråda gjeld frå 15. juli.

– Unntaket frå rådet om å frårå alle reiser som ikkje er strengt naudsynte, gjeld land og regionar som tilfredsstiller Folkehelseinstituttet sine smittekriterier, går det fram av ei pressemelding på regjeringa si nettside.

– Smitteutviklinga i Europa er framleis uoversiktleg

Rådet om å unngå reiser til land som det no ikkje vert gjort unntak for, varer i utgangspunktet fram til 20. august. Samstundes går det fram av pressemeldinga at FHI, i vekene framover, kjem til å oppdatera reiseråda sine kvar 14. dag.

– Unntaka frå reiseråda er ikkje ei oppmoding om å reisa. Alle bør tenkja seg godt om før dei eventuelt dreg, vert det understreka.

Vidare heiter det at dei som planlegg ei reise, må setja seg godt inn i restriksjonar og smittevernregler for det landet ein planlegg å reisa til.

– Smitteutviklinga i Europa er framleis uoversiktleg og kan endra seg raskt. Kvar enkelt bør tenkja nøye gjennom om det er naudsynt å reisa. Tiltak og restriksjonar i dei ulike landa kan vera annleis og meir omfattande enn i Noreg, skriv regjeringa i pressemeldinga.

Regjeringa opphevar også innreiserestriksjonane for innbyggjarar i EØS- og Schengen-området frå 15. juli.