Tre totalt: Sidan det fyrste tilfellet var påvist, er det no totalt tre nye arbeidarar som har testa positivt. Foto: Kenneth Svenningsen

Nytt smittetilfelle knytt til byggeplassen ved Meny

Éin ny arbeidar ved byggeplassen til Meny Industrivegen har testa positivt for covid-19.

Sidan det fyrste tilfellet var påvist, er det no totalt tre nye arbeidarar som har testa positivt.

Dei tre er busette i Bergen og Øygarden, og har vore i karantene sidan det første smittetilfellet blei påvist.

– Det er framleis ingen mistanke om at smitten har spreidd seg utanfor byggeplassen. Alle dei 99 personane som har vore innom byggeplassen i perioden 8. til 15. februar, er sett i karantene og blir testa jamleg. Seks av dei som er i karantene, bur i Bjørnafjorden kommune, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf til kommune sine heimesider.

Måndag 15. februar stengde byggeplassen ved Meny i Industrivegen etter at ein arbeidar testa positivt for covid-19.

– Det er no bekrefta at dette var den sørafrikanske varianten av koronaviruset, seier Melf.