Nytt tiltak: I dag blir det prøvd ut gjenbruksdag i Fjorden Arena.

Arrangerte gjenbruksdag i Fjorden Arena

Tysdag vart det arrangert gjenbruksdag i hallen i Eikelandsosen.

– Det er i grunn det same som ein bytedag, men ein slepp å levera noko inn for å henta ut igjen, seier fungerande leiar i Fusa frivilligsentral, Henriette Tverli Dale.

Om tysdagane går Full Pakke av stabelen i hallen. Då er det mykje folk i hallen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har send ut skriv til skular og barnehagar på Fusa-sida, og eg har levert ut informasjon om dagen på Full Pakke tidlegare. Eg håpar at mange har fått det med seg. Det blir spanande å sjå korleis det går, sa Tverli Dale til avisa like før bytedagen starta.

Les også
Turn er blitt eit utruleg populært tilbod i Eikelandsosen

Med vinterferien komande veke, meinte Tverli Dale at dei hadde funne eit passande «tema».

Les også
Torbjørn Eliassen (67) blei ikkje skremd av Zumba – tysdag var han attende for meir

Det er Fjorden Arena, Fusa Frivilligsentral, flyktningtenesta og kultureininga som står bak gjenbruksdagen.