Gjev seg: Oddvar Rotvik gjev seg som rektor ved musikkgymnaset på Lepsøy til sommaren.

Oddvar Rotvik gjev seg som rektor på Kongshaug Musikkgymnas

Rektor Oddvar Rotvik har annonsert sin avgang.

Det opplyser skulen på sine Facebook-sider.

– Vår kjære Rektor Oddvar, the legend Rotvik, har annonsert sin avgang frå 1.8.2020 og styret har sett i gang prosessen med å finna ny rektor, skriv skulen.

Eit tilsetjingsutval er oppnemnd av styret og utlysing og stillingsannonse for ny rektor skal vera rett rundt hjørnet.