Meir smittsam: Varianten vart først påvist i Sør-Afrika og har skapt uro verda rundt sidan han ser ut til å vera meir smittsam.

Omikron har kome til Noreg – to tilfelle påviste i Øygarden

Den nye koronavirusvarianten omikron er no påvist òg i Noreg, stadfestar Øygarden kommune.

Varianten vart først påvist i Sør-Afrika og har skapt uro verda rundt sidan han ser ut til å vera meir smittsam. Ifølgje ein risikorapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) gir den truleg ikkje meir alvorleg sjukdom eller død.

Les også
Bed kommunar med høgt smittetrykk om å vurdera heimekontor-tilråding. Bjørnafjorden skal i møte onsdag

FHI-direktør Camilla Stoltenberg sa måndag morgon til NRK at det er grunn til bekymring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, vi skal vera bekymra. Så er det Folkehelseinstituttets jobb å vera bekymra på ein profesjonell måte, heile tida, og vurdera kva som kan skje, og kva som er dei verre scenarioa for kva som kan skje, sa Stoltenberg.

FHI trur det er sannsynleg at vaksinane verkar òg mot denne varianten.

– Kor godt veit vi ikkje, sa Stoltenberg.

Ifølgje FHI vil det koma svar om dette innan midten av desember.

FHI meiner òg at lokale utbrot av varianten bør slåast ned dei kommande vekene, fram til vi har fått meir oversikt over han.

Den nye koronavarianten vart meld til Verdshelseorganisasjonen (WHO) 24. november. Han har sidan spreidd seg til fleire land, mellom anna i Europa. Noreg og fleire andre land har innført innreiserestriksjonar frå ei rekkje land i sørlege Afrika.

Fleire mistenkte omikron-tilfelle er til analyse

Ei rekkje mistenkte tilfelle av omikronvarianten er onsdag til analyse ved ulike laboratorium i landet, opplyser FHI til TV 2.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI) seier til TV 2 at fleire kommunar har kontakta dei for råd rundt smittetilfelle dei mistenkjer kan vera omikron.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag vart det kjent at Ullensaker kommune har sendt tre positive koronaprøvesvar til sekvensering for omikronvarianten.

Personane har vore i den sørlege delen av Afrika.

FHI har varsla at dei vil koma med meir informasjon i løpet av onsdag.