Korona: Aldri før har så mange blitt smitta på ei og same veke.

Omikronbølgje og ny rekord: Smittetala dobla på ei veke

Smittetala er sterkt stigande etter at 132 personar fekk påvist covid-19 sist veke.

I veke tre blei det registrert ny smitterekord i Bjørnafjorden med 132 nye smittetilfelle (PCR-svar) mot 75 veka før (veke 2/22) – det er tilnærma ei dobling på ei veke.

Smitten er sterkt stigande, og kommunen reknar med at dei aller fleste tilfella er omikron.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser dei på si heimeside.

Smittetala er likevel betydeleg høgare i dei store nabokommunane.

— Vi har altså greidd oss godt så langt. Takka vera den gode smittesporingskapasiteten, har vi greidd å smittespora alle per telefon, seier kommuneoverlege Klaus Melf..

Når karantenereglane for husstandsmedlemer blir endra, blir dette ikkje lenger mogleg.

Ingen institusjons-utbrot

Kommunen har ikkje utbrot i institusjonar eller nokon auke i alvorlege sjukdomsforløp og innleggingar.

— Omikronbølgja er her no, men førebels har det ikkje ført til kritiske situasjonar i tenestene, seier Melf.

Han legg til at smitten kjem til å auka endå meir når karantene for husstandsmedlemer blir erstatta av eit testregime.

— Samtidig unngår vi då sjukefråvær i tenestene på grunn av at mange er i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunehelsetenesta held fram å fylgja utviklinga nøye saman med omegnskommunane, Statsforvaltarane og helseføretaka. Dette for å samordna tilrådingar og tiltak i den felles bu- og arbeidsregionen.

Dei smitta er:

45 born/unge under 18 (34 prosent av dei smitta):

* 2 prosent i barnehagealder

* 19 prosent i barneskulealder

* 11 prosent i ungdomsskulealder

* 2 prosent elevar i vidaregåande skule

Dei fleste under 18 år er smitta på fritida eller i husstanden, men minst 11 av barneskuleelevane er smitta på leirskuleopphald på Geilo.

87 vaksne (66 prosent av dei smitta)

Artikkelen held fram under annonsen.

* 61 prosent i alderen 18-64 år

* 5 prosent er over 65 år

Vaksinestatus og smitteveg

17 prosent av dei smitta har fått tredje dose.

44 prosent har fått to vaksinedosar.

17 prosent har fått ein vaksinedose.

22 prosent er uvaksinerte.

17 prosent har ukjend smitteveg, 83 prosent har kjend smittekjelde.

Dei fleste er smitta i husstanden eller på fritida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kapasitet personell

Tilgangen til personell og kritisk kompetanse er samla sett utfordrande.

Det er stort sjukefråvær og press på tenestene.

I pleie- og omsorgstenestene er dagsentertilbodet framleis redusert for å sikre nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleia i den stigande omikronbølgja.

Frivillige frå sanitetsforeiningar hjelper til på sjukeheimane ved behov.

Kommunen har fastlegemangel - og det får konsekvensar for andre tenester, som legevakta.

Det er utfordrande å ta imot alle utskrivingsklare pasientar frå sjukehus.

Test- og smittesporingskapasitet

Testkapasiteten er god. Det blei teke 509 PCR-testar sist veke, mot 319 veka før.

Smittesporingskapasiteten er god.