Vind mot kysten: Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten. Foto: Arkiv

Onsdag kan det bli svært høg vasstand

Det melder Meteorlogisk institutt som har sendt ut farevarsel oransje nivå.

Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten. Vasstanden er venta å vera høgast natt til onsdag og onsdag ettermiddag.

Vasstanden er estimert til å kunna bli 65-80 cm over høgda oppgitt i tidevasstabellane.

– Konsekvensane kan bli oversvømmelsar fleire stader og fare for moderate øydelegginar på infrastruktur og bygningar i strandsonen, skriv Meteorolisk institutt som har følgjande råd:

- Sjekk fortøyningane til båten og sikra lause gjenstandar inne i naust og i strandsonen.