Må ha avtale: Frå i dag av har Bjørnafjorden kommune ein eigen koronalegevakt. – Ingen må møta opp utan avtale, går det fram av meldinga på kommune si nettside.

Opnar eiga koronalegevakt

I dag, onsdag, opnar Bjørnafjorden kommune ei eiga legevakt for personar med symptom på luftvegsinfeksjon.

– Dette gjer vi for å hindra eventuell smittespreiing av koronaviruset til fastlegekontor og ordinær legevakt, og for å kunna tilby rask og effektiv hjelp til personar med sjukdomen covid-19, som er forårsaka av koronaviruset, opplyser Bjørnafjorden kommune på nettsida si.

Pasientar vert viste til koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogen, etter ei vurdering frå fastlege eller legevaktsentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er svært viktig at ingen møter opp utan avtale. I utgangspunktet skal pasientar som har fått time bli verande i bilen utanfor bygget til helsepersonell gir beskjed om at dei kan koma inn, går det fram av pressemeldinga.

Koronalegevakta vil vera betjent av lege og sjukepleiarar, og vera open frå måndag til fredag frå kl. 8-15.30, og på laurdagar og søndagar frå kl. 10-17.

Målet med legevakta, er, ifølgje pressemeldinga, eit effektivt og operativt ressurssenter for innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune som har symptom på luftvegsinfeksjon og som treng helsefagleg vurdering/legeoppfølging.

– Med ei separat koronalegevakt kan vi både gi god og rask helsehjelp til dei som er råka av viruset, og samstundes beskytta andre mot smitte, seier leiar for førebyggande helsetenester i Bjørnafjorden kommune, Marita Wallevik.

Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng tilsyn/råd frå lege? Ring fastlegen din, som vil vurdera om du skal visast til koronalegevakta. Utanom kontortid, ring legevaktsentralen på 116117.

Har du andre spørsmål om korona, smitte og testing? Ring smitteverntelefonen på 56 57 57 57.