Gode nyheiter: – Dette er gode nyheiter for serveringsbransjen, og eit forsiktig steg i retning av ein meir normal kvardag, seier ordførar Trine Lindborg.

Opnar for å skjenka alkohol i samband med matservering frå og med fredag

Bjørnafjorden kommune opnar for skjenking til mat.

– Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale reglane og anbefalingane. Frå fredag kan difor serveringsstader i kommunen vår skjenke alkohol i samband med matservering, i tråd med det regjeringa vedtok i går. Gjester slepp inn til og med klokka 22, og det er skjenkestopp ved midnatt, opplyser ordførar Trine Lindborg onsdag.

Dette er dei same nasjonale reglane for skjenking som ein hadde før 4. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Frp-forslag om skjenking til mat fekk fleirtal: - Utfordringa er herved sendt

– Det er gode nyheiter for serveringsbransjen, og eit forsiktig steg i retning av ein meir normal kvardag – og ikkje minst helg – for både serveringsstader og kulturlivet i regionen, konstaterer Lindborg.

Ho legg til at Bjørnafjorden kommune kan følgja dei nasjonale skjenkereglane fordi vi har lågt smittetrykk.

– Men dette kan fort snu. Difor er det viktig at vi held fram med å halda avstand og følgja smittevernreglane, slik at vi unngår nye smittebølgjer, seier Lindborg.