Oppfriskingsdose: – No kan alle personar over 18 år bestilla time for tredje dose koronavaksine, ein såkalla oppfriskingsdose.

Opnar for tredje vaksinedose til alle over 18 år

Det opplyser kommunen onsdag kveld.

– No kan alle personar over 18 år bestilla time for tredje dose koronavaksine, ein såkalla oppfriskingsdose. Du kan velja mellom å ta vaksinen hos fastlegen eller på massevaksinasjonsstasjonane våre, skriv kommunen på sine heimesider.

For personar over 65 år skal det vere eit intervall på minimum fem månader mellom andre og tredje koronavaksinedose. For personar mellom 18 og 64 år skal det vera eit intervall på minimum seks månader mellom andre og tredje koronavaksinedose.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er berre Pfizer-vaksinen (Comirnaty) som er godkjent som oppfriskingsdose, og dermed den vaksinetypen som vil bli gitt, skriv kommunen.

Time kan anten bestillast hos fastlege, eller ein kan få vaksine på massevaksinasjon i Oshallen eller Fjord´n Senter kvar onsdag. Her må det også bestillast time.