Samråd: Opninga skjer i samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege.

Opnar opp att bubilparkeringar, campingplassar og småbåthamner

Bjørnafjorden kommune opnar opp att bubilparkeringar, campingplassar og småbåthamner frå i dag.

Opninga skjer i samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege.

– Vi er glade for å kunna ønskja besøkande velkomne tilbake til Bjørnafjorden. Samstundes er det viktig at vi held fram med å følgja reglar for godt smittevern og visa omsyn til kvarandre. Båtfolket må halda minimum to meter avstand til andre båtar ved gjestehamnene og båtar kan ikkje leggja til utanpå kvarandre. Servicebygget i Os hamn vil framleis vera stengd, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert samstundes oppmoda om at alle besøkande reiser tilbake til heimkommunen sin dersom dei skulle bli sjuke, i staden for å oppsøkje legevakta i Bjørnafjorden kommune.