annonse

Opplevde dørseljar som truande

: ( (Foto: Arkiv)

Ein som bur i Oshaugen valde å ringja til politiet etter at ein mann ringde på døra og ville selja roser.

Benjamin Søgnen Olsen

Politiet rykte måndag ut etter at ein som bur i Oshaugen melde frå om ein dørseljar som blei opplevd som truande.

– Politiet var på staden kort tid etter at vi fekk meldinga, men vi fann ikkje mannen, fortel politioverbetjent Atle Birkeland og legg til at det er ei god vurdering å kontakta politiet om ein opplever situasjonen slik.

– Det er ikkje dermed sagt at det er noko fare på ferde. Mannen skal ha snakka gebrokkent norsk og han hadde på seg ein mørk boblejakke. Han skal også ha hatt fleire rosebukettar.

Lås døra

Politiet fortel at det uansett kan vera lurt å ha døra låst sjølv om ein er heime.

– Nokre gonger er det nokon som ønskjer å selja roser, andre gonger er det folk som vil sjekka om det er nokon heime, og som gjerne ikkje har heilt ærlege hensikter. Om ein opplever dørseljarar som truande, er det berre til å ta kontakt. Det gjeld også om det er eit merkeleg tidspunkt dei kjem på dørene.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut