Prisverdig, men: – Det er i seg sjølv heilt fantastisk at så mange vil hjelpa til, men i ein slik situasjon som me er i no, så virkar det mot sin hensikt.

Oppmodar om å avgrensa dugnadsengasjement: - Svært prisverdig, men verkar mot si hensikt

Mange vil hjelpa og det florerer med dugnadsinitiativ på sosiale medium, men kommunedirektøren oppmodar sterkt til å avgrensa denne forma for hjelp.

Mange har meldt seg til dugnad og opplyser at dei kan hjelpa med handling eller heimebesøk og andre tiltak for dei som no treng hjelp. Men initiativ som dette har motsett verknad.

– Det er i seg sjølv heilt fantastisk at så mange vil hjelpa til, men i ein slik situasjon som me er i no, virkar det mot sin hensikt. Ein veit ikkje kven som kan vera smitteberarar, og ein risikerer å møta fleire som kan vera i risikosonene. Det beste no er å avgrensa dette, og me vil oppmoda sterkt om det, seier Christian Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at denne typen hjelp rett og slett er i strid med korleis best handtera smittespreiing.

– Kommunen har stoppa sitt frivillige arbeid, påpeikar Fotland.

– Så må me samstundes sjølvsagt passa på at alle får den hjelpa dei faktisk treng, avsluttar Fotland.