Rask og streng: — Ei rask og streng nedstenging i regionen vil kunna gi oss oversikt og moglegheit til å slå ned desse svært smittsame virusvariantane, seier Trine Lindborg.

Ordføraren : — Gjeld å hindra ein meir alvorleg situasjon på sikt

— Eg forstår godt at dette kjem overraskande på folk. Samstundes er smittesituasjonen i regionen vår alvorleg og uoversiktleg, og fleire av nabokommunane våre er råka, seier Trine Lindborg.

— Ei rask og streng nedstenging i regionen vil kunna gi oss oversikt og moglegheit til å slå ned desse svært smittsame virusvariantane, og hindra ein endå meir alvorleg situasjon på sikt, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

— Bjørnafjorden kommune er ein såkalla ring 2-kommune, som betyr at vi har noko mindre strenge tiltak enn ring 1-kommunane Bergen, Ulvik og Kvam. Bjørnafjorden grensar til både Bergen og Kvam, som opplever pågåande utbrot og ein uoversiktleg smittesituasjon. Difor er det heilt nødvendig at vi i nabokommunen er på vakt, seier Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når vi ser kor raskt og vidt det muterte viruset spreidde seg i Ulvik, er det ikkje så vanskeleg å forstå anbefalingane frå helsemyndigheitene. Eg seier som den kloke ordføraren i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen: "- Dette gjer vi for å beskytta innbyggarane våre og ikkje for å begrensa fridomen deira".