Fryktar gebyr: Os Allmennpraksis ønskjer ikkje å skriva ut på blå resept så lenge regjeringa «trugar» med overtredelsesgebyr.

Os Allmennpraksis vegrar seg for å skriva ut på blå resept

Etter regjeringas innføring av overtredelsesgebyr på opp til 212.000 kroner, hae Os Allmennpraksis langt på veg slutta å skriva ut på blå resept.

Legesenteret skriv følgjande på Facebook-sida si onsdag:

«Regjeringa har innført eit overtredelsesgebyr på opp til 212.000 kroner til leger ved tilfelle av feil utskriving av blå resepter. Det er dessverre nå for høy risiko for leger å skrive blå resepter. Vi kan dessverre ikke skrive ut blå resepter før overtredelsesgebyret fjernes».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me sluttar oss til legeforeininga si tilråding. Me vil i stor grad slutta å skriva ut på blå resept. Unntaket må vera for ekstra sårbare pasientar, stadfestar Lars Emil Haugom ved Os Allmennpraksis.

Inntil vidare rår dei pasientar til å ta vare på kvitteringar når dei i denne mellomfasen må kjøpa på kvit resept og oppmodar også pasientane til å ta kontakt med HELFO eller helse- og omsorgsdepartementet om dei har spørsmål kring saka.

Os Allmennpraksis følgjer dermed Allmennlegeforeningen sitt råd om å avgrensa utskrivinga av blå resept til eit minimum, og overlata til HELFO å vurdera om pasienten har rett til eventuell stønad til medisinar på blå resept.

– Er de det einaste legekontoret i Bjørnafjorden kommune som har fronta dette standpunktet så langt?

– Tilrådinga frå legeforeininga kom først i går kveld, så det er mogleg. Uansett trur eg dei fleste vil følgja tilrådinga. Me må stå saman for å prøva å tvinga fram ei endring i det me opplever som ein feil og unødig måte å straffa oss allmennlegar på, seier Haugom.

Aksepterer ikkje bøtelegginga

Allmennlegeforeningens styre fatta følgjande vedtak 20. januar 2022:

«Allmennlegeforeningen kan ikke akseptere prinsippet om at en lege kan bøtelegges for feil de gjør på jobb. Denne saken kan bare løses ved at gebyrordningen fjernes.

Allmennlegeforeningen krever derfor at regjeringen sørger for at overtredelsesgebyr fjernes som sanksjonsmulighet ved blåreseptforskrivning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frem til vedtaket om ileggelse av gebyr for brudd på blåreseptforskriften fjernes, mener Allmennlegeforeningen at det er for høy risiko for våre medlemmer å forvalte saksbehandlingen ihh til blåreseptforskriften.

Allmennlegeforeningen kan derfor ikke anbefale sine medlemmer å skrive blå resepter frem til det er klart at overtredelsesgebyr fjernes».