Os gymnas: N/A

Os gymnas inviterer til open dag: - Ein skal ikkje døme etter utsjånaden!

Kanskje er du ein av dei som synest Os gymnas ser litt grå ut på utsida? Då skal du vite at det på innsida foregår mykje spennande og positivt.

Noko av dette vil vi dele med deg i dag. Då er det nemleg open dag hos oss. Då står elevar og lærarar klare til å vise deg kva vi kan tilby på gymnaset. Og det er mykje forskjellig å velje mellom. I tillegg til fellesfag som m.a. norsk, historie, framandspråk og kroppsøving, kan du her hos oss fordjupe deg i programfag som rettslære, psykologi, politikk og menneskerettar, entreprenørskap, fysikk og breiddeidrett. For ikkje å snakke om det nyaste programfaget vårt, e-sport. Du kan spørje om smått og stort, og vil få små smakebitar på korleis vi jobbar med faga på skulen vår.

Du vil få treffe lærarar som har jobba lenge på Os gymnas (og som kanskje til og med har hatt nokre av de foreldre som elevar…), og andre igjen som er i starten på lærarkarriera si. Felles for oss alle er at vi trivst i jobben vår, brenn for faga våre, og ønskjer at nettopp du skal få del i den kompetansen vi kan tilby, både fagleg og sosialt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du vil også få treffe elevar som er glade i skulen sin, og som er engasjerte i korleis Os gymnas også i framtida kan bli ein best mogleg plass å vere. Men då treng vi nettopp deg som elev, så velkomne skal du og dine føresette vere!

Det blir enkel servering, og også mogleg å sjå kva elevbedriftene våre har jobba med dette skuleåret. Håpet vårt er at du etter denne dagen vil sitje igjen med god informasjon om og eit positivt inntrykk av det som kanskje kan bli din skule til neste år.

Rune Rosland

Os gymnas