Olavsrosa er norsk kulturarv sitt kvalitetsmerke og viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.
Olavsrosa er norsk kulturarv sitt kvalitetsmerke og viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

Oselvarverkstaden fekk Olavsrosa

- Dette er eit kvalitetsstempel, sa ein nøgd Åsmund Lien då Oselvarverkstaden fekk den høgthengjande Olavsrosa i går.

Utdelinga gjekk føre seg på Oselververkstaden, med celebre gjester på besøk. Hordaland sin konstituerte fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd, kultursjef i Os kommune, Lisbeth Axelsen, og ordførar Terje Søviknes var blant dei som var tilstades. Søviknes håpa utmerkinga kan vera med å setja kulturlivet i Os på noregskartet.

- Os har no 2 av dei totalt 12 Olavsrosene i Hordaland. Det kan vi vera stolte over. No har vi planar om å forbetre formidlinga av kulturen i Os til dei tilreisande, sa ordføraren. 

Under utvikling

Oselvarverkstaden består av fire båtbyggjarar, ein lærling og sjefen sjølv, Åsmund Lien. Lien går av med pensjon 1. juli. Då tar Berit Osmundsen over roret. Den nye daglege leiaren får store sko å fylla.

- La dette vera stafettpinnen, sa Lien, og viste fram Olavsrosa, til latter frå publikum.

Lien har vore med sidan Oselvarverkstaden vart skipa for 19 år sidan, og forlèt ei kulturperle som stadig er i endring. I byrjinga skulle verkstaden "berre" ivareta den spesielle båtbyggjarkunsten, men dei merka raskt at fleire var interessert i å sjå Noreg sin nasjonalbåt. Dermed vart det etter kvart laga ei eiga utstilling. Utstillinga har vakse og for nokre år sidan vart Oselvarverkstaden det første Economuséet i Hordaland. Economuséa fokuserer på bevaring og vidareføring av handlingsbåren kunnskap og kulturhandverk.

 

Nasjonal merksemd

Etter tildelinga av Olavsrosa hamnar Oselvarverkstaden i celebert selskap. Berre 130 andre kulturskattar i landet kan smykka seg med utmerkinga, og tildelinga fell difor i god jord hos den snart pensjonerte daglege leiaren.

- Det er eit kvalitetsstempel. Vi meinte at vi oppfylte krava då vi sendte inn søknaden om Olavsrosa. Eg meiner det er fortent at vi mottar den, fortel ein nøgd Lien.

Til hausten kan kanskje trebåtentusiastane slippa jubelen laus endå ein gong. Då skal det avgjerast om Oselvarverkstaden kjem med på Unesco si verdsarvliste.