Kjekt å dela ut: Tysdag kunne kommunen offentleggjera kven som får koronamidlar i denne omgang. Om lag 8,3 millionar kroner er delte ut.

Over åtte millionar kroner er på veg ut til næringslivet denne veka: Desse får støtte

Representantar frå kommunen og næringsrådet har gitt midlar til 47 av 68 søkjarar.

— Eg føler vi har treft ganske bra denne gongen, seier fungerande næringssjef Jon Sivert Rykkel og smiler.

Tysdag møtte Rykkel og ordførar Trine Lindborg (Ap) media utanfor rådhuset for å orientera om tildelinga av støtte til næringslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Staten har i to omgangar denne våren overført “koronamidlar” til kommunen som ei kommunal kompensasjonsordning til verksemder som har blitt hardt råka av smitteverntiltak.

Det skal ha vore totalt 68 søkjarar, der 47 no har fått midlar. Til saman blei det søkt om 12,1 millionar kroner. Det var altså ikkje alle som fekk i denne omgang.

— Av dei som har søkt, har dei fleste fått. Det er nokre få som ikkje har fått, og då er det fordi dei har fått større støttebeløp tidlegare i liknande kommunale ordningar eller fordi dei på andre måtar ikkje har falle under kriteria som vi har sett. Primært dreier dette seg om dokumentert omsetningsnedgang og det handlar om kva bransje dei tilhøyrer, seier Rykkel.

Basert på omsetning og tal tilsette

Først annonserte kommunen at dei hadde seks millionar å dela ut, men midt i søknadsprosessen, kom det ytterlegare 2,8 millionar frå staten. Administrasjonen fekk fullmakt frå formannskapet til å fordela blant søknader som alt hadde kome i bransjane servering og overnatting. Desse midlane skulle fordelast basert på tal årsverk. Dei første seks millionane etter ein trappesatsmodell basert på omsetnad, der ein kunne få maks 300.000 kroner.

— Dei største bedriftene med flest årsverk har fått størst tildeling, og det opplever vi er ein rettferdig måte å fordela det på. Det er klart at det er dei største bedriftene som også har hatt størst inntektsfall, seier Rykkel.

Ordførar Lindborg seier at det ser ut til at bedriftene har klart seg gjennom den tøffe tida, og at det er viktig for dei å vera der og “heia på dei».

— Vi har blitt flinkare til å heia på kvarandre og vi handlar meir lokalt. Det føler eg at vi har blitt meir bevisste på alle, seier ho.

Vidare kunne ordføraren fortelja at dei ut frå tilbakemeldingar veit at koronamidlane er kjærkomne.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi får tilbakemeldingar som “Dette trong vi, tusen takk, no orkar vi litt til”. Så det er heilt klart at det har vore tungt for mange, seier ho.

— Korleis kjenst det for dykk å kunna bidra på denne måten?

— Det kjennest heilt fantastisk bra å kunne bidra til inn mot dei som treng dette, og vi har vore i direkte kontakt med fleire som har fått midlar, og tilbakemeldingane er veldig positive. Vi ønskjer også å seia at vi heiar på dei og vi håpar at dette kan gje dei ein ekstra drive til å stå løpet ut slik at vi kan møtast på “den andre sida”, seier Rykkel.

“Sparer” 500.000 til ny runde

Det er framleis håp for dei som ikkje fekk med seg den første søknadsrunden. Av dei første seks millionane som kom frå staten, er det nemleg berre delt ut 5,5 millionar kroner. Midlane blei fordelte etter ein trappesatsmodell basert på omsetning i verksemdene. Denne modellen har gjort at ein sitt att med om lag ein halv million kroner. No blir særleg lags- og organisasjonslivet som har lokale dei leiger ut til bryllaup, dåp, konfirmasjon og andre arrangement, oppmoda om å søkja.

Lag og organisasjonar som driv lags- og grendehus kan søkja om å få tildelt inntil 15.000 kroner i støtte basert på dokumentert omsetningsnedgang for utleige frå 2019 samanlikna med 2020.

— Er dette siste runde med støtte?

— Det veit vi ikkje. Det kjem an på kva som skjer framover og korleis sommaren blir. Det er jo valkamp, så det kan jo henda at det kjem meir pengar. Det er vanskeleg å seia. Vi kan ikkje vita korleis smittesituasjonen blir, eller kor fort vi klarer å få hjula i gang igjen, seier Lindborg.