Aktive: Kirsti og Gunnar Kvåle har bidratt i oppbygginga av laget både organisatorisk og politisk. I seinare tid har dei i aukande grad vore aktive i Besteforeldrenes klimaaksjon.

Overraska klimabesteforeldre med MDG-ærespris

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden nytta årsmøtet til å dela ut ærespris til ekteparet Kirsti og Gunnar Kvåle. Utmerkinga er nyoppretta, og skal gå til medlemer som har gjort ein særleg innsats for lokallaget.

– Ekteparet Gunnar og Kirsti Kvåle har det travelt med å redda kloden. Då må det vera bra at ein av to stakk innom årmøtet til MDG Bjørnafjorden – intetandane om overraskinga som venta, skriv avtroppande leiar i partiet, Marie Hauge, i ei pressemelding.

Ekteparet Kvåle får utmerkinga av fleire grunnar. Dei var sentrale då laget vart oppretta for snart ti år sidan. Den gangen kunne medlemmane bokstavleg tala teljast på ei hand, og det blir spøkefullt fortalt at ein og annan medlem vart «beordra» til verv for å få fylt dei obligatoriske taburettane, heiter det i pressmeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kontrasten er stor til dagens lokallag som har hatt medlemsvekst fem år på rad, og er det støste i Vestland utanom Bergen, konstaterer Hauge.

Delte ut prisen: Avtroppande leiar, Marie Hauge, delte ut prisen – og ba Gunnar Kvåle bringa vidare dei gode orda til Kirsti Kvåle som ikkje var til stades.

Kirsti og Gunnar Kvåle har bidratt i oppbygginga av laget både organisatorisk og politisk. I seinare tid har dei i aukande grad vore aktive i Besteforeldrenes klimaaksjon. Begge ektefellane Kvåle har bakgrunn frå helsefag. Gunnar Kvåle har forska på internasjonale helsespørsmål i ei årrekkje. Kirsti Kvåle har teke erfaringa som førstelektor i sjukepleie med seg inn eit mangeårig arbeid som frivillig for Kirkens SOS Bjørgvin.

Hauge delte ut prisen – og ba Gunnar Kvåle bringa vidare dei gode orda til Kirsti Kvåle som ikkje var til stades. I grunngjevinga heiter mellom anna:

«I sum oppfyller Kirsti og Gunnar Kvåle nesten alle dydar som er viktige i MDG. Dei bryr seg om sine medmenneske, dei bryr seg om komande generasjonar og dei er kunnskapsbaserte. Dei veit, og derfor kan dei ikkje sitja stille. Gunnar og Kirsti har det travelt.

For oss som har kome til partiet etter kvart, er dei til stor inspirasjon. Dei er det fremste beviset på at klimasaka ikkje er noko berre ungdommen masar med. Dei brukar dei scenane verda byr på – anten det er som besteforeldre med raud hatt i hovudstaden, i flammande avisinnlegg eller som utrøytteleg kunnskapsdelar på Facebook.»

Leiaren avslutta med å takka ekteparet Kvåle for at dei finn nye og viktige arenaer å bidra på – men understreka at «Bjørnafjorden MDG likevel reknar dei to eksklusivt som sine».

MDG-leiinga sentralt – Une Bastholm og Arild Hermstad – kom også med ei helsing, fiølgje pressemeldinga. Dei trekte fram den langvarig innsatsen Kirsti og Gunnar Kvåle har lagt ned for MDG:

«Dere har begge vært essensielle i oppbygning av lokallaget, og vært med på å legge grunnlaget for det fantastiske valgresultatet i Bjørnafjorden i 2019! Engasjementet deres i MDG, og også i Besteforeldrenes Klimaaksjon, representerer på mange måter partiets kjerneverdier; kunnskapsbasert, generasjonsperspektiv og medmenneskelighet. Dere er forbilder for de yngre, og bidrar til å bevare de lange viktige linjene i partiet, i en politisk hverdag som ofte kan virke kortsiktig og populistisk. Vi trenger flere som dere.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye leiar: Årsmøtet valde også nytt styre, der Trine Hofsvik Strønen (t.h.) overtar som ny leiar etter Marie Hauge.

Årsmøtet valde også nytt styre, der Trine Hofsvik Strønen overtar som ny leiar etter Marie Hauge. Påtroppande styre tel elles Jo Rune Ugulen Kristiansen, Geir Fossåskaret, Knut Børgesen, Alexander Sviland Fjeldstad (ny), Katrine Marie Alvsvåg (ny), Mine Kartal (ny) og Mai-Britt Lundervold (ny). Dei tre sistnemnde er varamedlemer.

Nytt styre: Det nye styret i MDG lokalt.