Overrasking: Johan fekk ei gledeleg og motiverande overrasking i postkassen i dag.

Overrasking i posten: - Stor glede i ein tøff kvardag

I ein uvanleg og litt utfordrande kvardag med heimeskule, kom det ei motiverande gåve i posten til 7.-klassingane i C-klassen på Lunde barneskule.

Johan Prestøy Haugland hadde inga aning om kva som venta han i postkassen i dag.

– Han vart både overraska og litt rørt, fortel mora Lisbeth Prestøy Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der var det nemleg eit påskeegg fylt med snop adressert til Johan. Lærarane til klasse 7C har i dag køyrd rundt til alle dei 19 elevane i klassen og levert ut ei lita helsing.

– Det gav verkeleg ei glede i ein kvardag som byrjar å bli litt tøff, vedgår Haugland og held fram:

– Den siste veka har vore ganske tøff. Det byrjar å bli litt tungt og umotiverande å gjera alt over nett, så det at lærarane tok seg tid til dette, er utruleg kjekt.

Ho fortel at det har vore litt hardt for sonen å motivera seg til å gjera alt skulearbeidet den siste tida, men dette gav ein stor boost.

– Han gjekk rett i gang med skulearbeidet då han fekk denne oppmuntringa, og følte han ville gleda lærarane litt ekstra, fortel Haugland om sonen.

Sjølv er ho klassekontakt og har mottatt fleire meldingar frå foreldre som er begeistra over overraskinga frå lærarane.

– Dei tykkjer alle det er svært rørande og dei set stor pris på det i denne spesielle tida.

Haugland fortel at Johan og andre klassekameratar har skrive mail til lærarane og takka for gåva. Dette gjer at dei ser litt ekstra fram til påskeferien, sjølv om han ikkje blir heilt vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var motiverande for oss alle. Rett og slett fint med sånn positivitet oppi alt, avsluttar ho.