Kostar lite: Øystein Oens 3D-printarar går for full maskin no om dagen. Å laga ei smittevernmaske er såpass rimeleg at han reknar med å halda produksjonen i gang ei stund til.

Øystein produserer smittevernmasker: – 3D-skrivaren går for full maskin

Fleire 3D-prentarar i Noreg tek no eit dugnadstak for å syta for at det er nok smittevern-maskar i landet. Øystein Oen er godt i gang på Nore Neset.

– Eg har produsert kring 30 bøyler til no, og framleis går 3D-skrivaren for full maskin, fortel yrkeskule-læraren frå Nore Neset.

Med utstyret sitt produserer han tre bøyler i løpet av fire timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det må meir enn hovudbøyler til. Kva med skjerm?

– Til det nyttar me transeperent-ark – eller andre gjennomsiktige plastark, som er mellom 0,2 og 0,25 millimeter tjukk, fortel Oen.

Reint dugnadslag

3D-printing av smittevernmasker er blitt ei stor greie over det ganske land etter at det var klart at helsevesenet slit med å få tak i nok av denne typen utstyr. Oen fann sine likesinna på Facebook-sida «3D-printerer for assistanse til helsevesenet under Covid-19».

– Denne gruppa har no over 1.700 medlemer, og alle som er med og produserer vernemasker, følgjer same «oppskrift», fortel han.

– De har kostnadar med å produsera. Kva tek du for dei?

– Dette er eit reint dugnadslag. Det er ingen av oss som gjer dette for å tena pengar. Dette gjer me for å syta for at helsevesenet skal ha nok verneutstyr. Visirmaskene er med andre ord gratis for dei som måtte trengja dei, fortel Oen.

1.500 bestillingar

På Facebook-sida til «3D-printerer for assistanse til helsevesenet under Covid19» er det no kome inn 1.500 bestillingar på vernemasker. Oen ønskjer helst å hjelpa i heimkommunen.

– Me vil jo tru det er helsepersonell i Bjørnafjorden kommunen som vil ha bruk for desse maskene, men om ikkje, veit me om fleire i Bergen som har bruk for dei, seier Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemner legar, tannlegar og sjukehus-tilsette, som døme på folk som kan ha bruk for dei.

Og ein treng ikkje ha 3D-printar for å vera med og bidra til den gode saka.

– Visiret skal monterast til hovudbøyla. Deretter skal dei pakkast og køyrast ut til dei som måtte trengja dei. Det er absolutt rom for at folk kan vera med og bidra, understrekar han.

Smittevernmaske: Versjonen som Øystein Oen og Peter-Hans no lagar er versjon nummer tre. Virusmaska har nemleg blitt utbetra to gonger etter å ha blitt prøvd ut på Ahus i Oslo.

Treng plast til visir

Men inntil vidare står ferdigproduksjonen på Nore Neset litt på vent.

– Hovudbøylene er altså greie, men eg manglar meir transperent-ark, eller liknande. Eg har sendt førespurnad til Slåtthaug vidaregåande skule, der eg underviser, og får moglegvis nokre av dei. I mellomtida kan eg jo fronta det her i Os & Fusaposten. Om nokon skulle ha slike ark, så tek eg imot med stor takksemd, seier Oen.

Smittevernmaske: Peter-Hans de Zwarte iført smittevernmaska han lagar på 3D-printaren i Fusit sine lokale på Fusatun.

Fusit har fått bestilling

Også i Fusa er det folk som let 3D-skrivaren gå for det gode føremål. Peter-Hans de Zwarte i Fusit Data og Teknologi AS har laga 16 vernemasker til no. Innan veka er omme, skal han ha laga 50.

– Via assisterande kommunedirektør Nils Petter Borge har eg formidla til kommunen at me er fleire som printar vernemasker. I dag tikka første bestilling inn, fortel de Zwarte.

Bestillinga lydde på 30 masker, og var ført i pennen av koordinator for innkjøp av smittevernutstyr i Bjørnafjorden kommune, Øystein Grytøyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du gjer dette på dugnad, du også?

– Ja, det er klart me gjer. Kvar maske kostar oss knappe åtte kronar i plast, så dette skal me ta oss råd til. Me held på til marknaden i kommunen er metta, slår de Zwarte fast.

Han legg til at dei ti første dei har fått ferdige, skal gå til Indremisjonshjemmet i Bergen.

Då Os & Fusaposten prata med de Zwarte litt seinare måndag kunne han fortelja at to sponsorar alt hadde vore på banen.

– Berge Elektro ville bidra til polstringa som ein har på innsida av hovudbøyla, medan Fusa kyrkjekontor hadde overheadark liggjande og lova oss 150 stk. Det set me veldig pris på, seier de Zwarte.