Byvegen: Onsdag formiddag skal to bilar ha vore involverte i ein samanstøyt.

Påkøyrsel bakfrå: Ein person skal ha smerter i nakken

Det opplyser politiet på Twitter.

Ulukka skal ha skjedd kring klokka ti på tolv onsdag formiddag. På Twitter skriv Vest politidistrikt at det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Dette skal ha skjedd i krysset Gymnasvegen/Byvegen. Ein person opplyser å ha smerter i nakke, ifølgje politiet.

– Vi er på staden. Trafikken skal gå som normalt. Bilane er på sida av vegen. Vi er i dialog med begge førarane. Det er litt tidleg å seia kva som er årsaka. Ein person har smerter i nakken. Det er ikkje behov for ambulanse, opplyser operasjonsleiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tre personar involvert i ulukka.

– Det er ein klassisk påkøyrsel bakfrå, noko som skjer kvar dag. Det er ikkje mistanke om promille eller rus, seier politibetjent på staden Andreas Nordbø.

Politet har opretta sak på hendiga.

Mannen som hadde smerter i nakke og rygg etter ulykka reiste til legevakta.

Mannen som køyrde i bilen framfor risikerer bot, men politibetjent veit ikkje kor mykje det vil vere snakk om.