Har investert stort: Gjengen rundt svingen i Halhjemsmarka har investert i stort lerret til utekinoen.

Pandemien stoppa utekinoen: No snurrar “Gjengen rundt svingen” snart film igjen

Alle inntekter skal gå til eit lokalt tiltak.

Tilbake i 2017 inviterte ei gruppe naboar i Halhjemsmarka til utekino før jul. Naboane kallar seg Gjengen i svingen. Den gongen var det vel 50 store og små som kosa seg med kino på lerret.

I 2018 var Os & Fusaposten på plass. Den gongen var om lag 100 born og vaksne tilstades.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi hadde kjøpt hundre godteposar. Dei rauk. Det må ha vore minst 100 born, seier Kent-Eivind Storum.

Dei kjem til å rigga eit stillas som lerretet heng på, slik dei også har gjort tidlegare. Søndag 11. desember er datoen i år.

Suksess: Gjengen i svingen er tilbake med utekino i Halhjemsmarka. Her frå arrangementet i 2018.

Det blei ikkje noko av utekinoen i 2019, og så kom pandemien. Det har vore ei medverkande årsak til at arrangementet ikkje er blitt noko av. I år er Gjengen rundt svingen klar igjen.

— Vi var heldige med vêret i 2017. Då kom snøen eit par timar før kinoen starta. Det var også bra i 2018. Vi håpar at vi er like heldige denne gongen, seier Storum.

Det blir kaffi, kakao, kaker og bollar. Alle inntektene denne dagen går til det lokale tiltaket Julekorger 2022.

— Julenissen har vore innom tidlegare. Ryktet seier at han kjem i år også, seier Storum og smiler.