Bjørn Fredriksen har kome i kontakt med eigaren av pengane han fann på gata, og fått levert dei tilbake.

Pengane som Bjørn fann på gata, er no returnert til eigaren

Vel ei veke etter at Bjørn Fredriksen først etterlyste eigaren av pengane han fann på gata, melde ein mann seg.

Det var 25. november at Fredriksen spurte på Oppslagstavlo i Os på Facebook, om nokon hadde mista kontantar i Os. Han kom over ein sum med pengar på fortauet etter å ha handla på AMFI Os, og ønskte å finna eigaren.

Les også
Fann pengar på gata – etterlyser eigaren

Før helga, tok ein mann kontakt og sa at han hadde mista kontantar i området på dette tidspunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var på jobb i Stavanger då han tok kontakt. Vi avtalte å møtast då eg kom heim. Han hadde med seg kvittering som viste at han hadde tatt ut pengar i det tidsrommet, på ein butikk i nærleiken. Beløpet stemde, fortel Fredriksen.

– Kva sa han til deg?

– Han var kjempeglad. Han ønskte å gje meg 100 kroner i finnarløn, men eg sa at det ikkje var naudsynt.

Då Fredriksen etterlyste eigaren av pengane, ville han naturleg nok ikkje gå ut med beløpet. No kan han avsløra at det var 600 kroner han fann på fortauet.

– For dei fleste er det veldig surt å mista 600 kroner, seier han.