Trafikkuhell: Trafikkuhellet skal ifølgje meldinga i frå Vest politidistrikt ha funne stad i Skogseidvegen i Fusa. Foto: N/A

Personbil i autovernet i Hålandsdalsvegen i Fusa

Klokka 10.20 fekk politiet i Fusa melding om eit trafikkuhell i Hålandsdalsvegen.

Ifølgje Vest politidistrikt si Twitter-melding var det berre førar i bilen då uhellet fann stad.

– Førar er tilsett av helsepersonell på staden. Framstår uskadd, heiter det i Twitter-meldinga.

Av meldinga går det også fram at det ikkje er mistanke om køyring i ruspåverka tilstand, og at skadestaden er rydda.

– Uhellet fann stad i den krappe svingen ved innkøyringa til Skogseidvegen, opplyser vakthavande politibetjent i Fusa.

Kva som var årsaka til uhellet, er førebels uvisst.

– Uhellet skal etterforskast. Då vert alle faktorar tekne med i vurderinga, er beskjeden frå Fusa lensmannskontor.