Det vil bli trykk på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i dag.
Det vil bli trykk på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i dag.

Pinseutfarten: Politiet bed trafikantane om ikkje å ta dumme val

– Ikkje ta sjansen og prøv å forsera køen fordi ein skal ta ein avkøyrsel rett om svingen, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Vi er godt kjende med situasjonen som plar oppstå denne helga på E39 i retning Halhjem. Vi er i beredskap basert på erfaring frå tidlegare år. Det er lite vi kan gjera med å regulera trafikken før situasjonen oppstår, men vi veit at det nok vil bli kø i dag, seier Dyrdal.

Alle i same båt

Samstundes som at det er pinsehelg, med raud dag måndag, er det Håndballfestival på Stord med 435 lag påmelde. Det gjer at trafikken aukar monaleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi bed om at alle tek høgde for at det blir kø. Når så mange skal i same båt, blir det slik, seier Dyrdal, som meiner at det i år er betre føresetnader for betre trafikkforhold.

– Ein kan lettare og kjappare få bilistane gjennom køsystemet ved at Autopass er innført. Då kan ein fylla opp kaiområdet og filsystemet, seier Dyrdal.

– Kva med dei som bur på Halhjem?

– Det er ikkje berre politiet og media som er klare over denne helga. Eg vil tru at dei som bur i området har teke høgde for dette, og er klare over omkøyringsmogelegheiter, og så håpar vi at trafikken blir spreidd ut over eit større tidsrom enn nett frå klokka 16 til 18.

Vegsystemet har avgrensingar

– Kor stort må køproblemet bli før politiet dukkar opp?

– Vi vil vera i området, og prøva å løysa opp så snart som mogleg, og finna best mogleg løysing om det blir antydning til kork. Vi vil bidra til å finna årsaka til at det flokar seg, seier Dyrdal og legg til:

– Det er nok som med påsketrafikken i fjellet. Ein må smørja seg med tolmod. Vi ser at det er avgrensingar i vegsystemet på dagar som denne med auka trafikkmengd. Vi kan ikkje gå inn og laga omkøyringsmogelegheiter. Det tek den tida det tek, og så håpar vi alle er forsiktige. Det ein i alle fall ikkje må gjera, er å prøva å forsera køen rundt ein sving fordi ein skal ta neste avkøyring. Ha tolmod og ikkje skap farlege situasjonar.