– Vil sikra framtida: – Så klart er det store kjensler i dette, men me trur at dette vil sikra mediehuset i framtida, seier dagleg leiar Reidar Hystad.

Polaris Media kjøper majoritetsandel i Mediehuset Sunnhordland

Hystad-familien på Stord har eigd Mediehuset Sunnhordland, som har ein minoritetspost i Os & Fusaposten, i 118 år. No er 51 prosent av aksjane selde.

Tysdag kjøpte Polaris Media ASA 51 prosent av aksjane i Bladet Sunnhordland AS (mediehuset Sunnhordland med dotterselskap). Dei tidlegare eigarane vil med 49 prosent av aksjane framleis vera delaktige i drift, utvikling og eigarskap i selskapet.

– Me har kjent Polaris Media lenge, og har blant anna eit godt samarbeid på teknologiutvikling og teknologiske løysingar i dag. Me har erfart at Polaris Media har same genuine ønske om å utvikla lokale og regionale mediehusposisjonar som oss, og har samanfallande strategiar på trykk og distribusjon, seier dagleg leiar Reidar Hystad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mediehuset Sunnhordland har ein minoritetspost i Os & Fusaposten, og Hystad som er dagleg leiar i mediehuset, har same rolla i Os & Fusaposten og Bømlo Nytt. Hystad vil halda fram som dagleg leiar.

Betre rusta

– Me trur at vår lokale kompetanse, kombinert med støtte frå eit større konsern, bidreg til at selskapa står betre rusta for framtida. I eit medielandskap i rask endring, dannar dette partnarskapet grunnlaget for endå betre redaksjonelle produkt og tenester for våre kundar og annonsørar framover, seier Hystad og legg:

– Så klart er det store kjensler i dette. Men me trur at dette vil sikra mediehuset i framtida, seier Reidar Hystad.

Etter transaksjonen vil Polaris Media vera majoritetseigar i 50 mediehus, 39 i Noreg og 11 i Sverige. I tillegg har Polaris Media deleigarskap i 12 mediehus.

- Sunnhordland har på ein imponerande måte lukkast som frittstående mediehuskonsern i eit raskt skiftende medielandskap. Vi ser fram til å jobba endå tettare saman med dagens leiing, tilsette og eigarar for å bidra til at Mediehuset Sunnhordland lukkast endå betre i framtida, seier Per Axel Koch, konsernsjef i Polaris Media, i ei pressemelding.