Politiet fann båt på rek
No ønskjer politiet tips i saka.
Fredag kveld kl. 20:03 vart det melde frå om ein båt på rek innerst i Vargavågen. Båten vart fortøya til land kring kl. 22.10.
Båten vert skildra som ein eldre plastbåt med 40HK motor, og er i kvit og blå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det går fram av ei melding frå Vest politidistrikt på politiloggen.
No ber politiet om tips dersom nokon saknar båten, eller har opplysningar om eigar.