Rykte ut: Politiet stoppa ein mann i 30-åra som skal ha køyrd bil i rusa tilstand. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Politiet fekk tips om rusa mann bak rattet — mistanken blei stadfesta

Natt til fredag fekk politiet melding om ein mann som køyrde bil utan å vera edru.

Dette skal ha skjedd i området Os-aust. Politiet rykte ut og fekk kontroll på ein mann i 30-åra.

— Det er mistanke om ruspåverka køyring då det blei blåst til over lovleg verdi. Det er teken blodprøve på legevakta. Mannen er meldt for køyring utan gyldig førarkort og køyring i ruspåverka tilstand, opplyser politioverbetjent Martin Hustrulid Nordeide.