På nettet: Fleire har meldt frå om at dei er blitt utsette for svindel på nettet.

Politiet har fått fleire meldingar om svindel. Kjem med viktig påminning

Politiet ved Bjørnafjorden har mottatt fleire meldingar om svindelforsøk den siste tida.

Fleire har meldt frå om at dei er blitt utsette for svindel på nettet. Kredinor og Gotia har blitt nemnd som avsendarar og fleire skal ha oppgitt og følgt instruksane dei har fått.

– Politiet ønskjer å minna innbyggjarane på at ein ikkje må oppgi personleg ID, som fødselsnummer, bankkontonummer, telefonnummer m.m., skriv dei i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er særleg eldre som har tatt kontakt med politiet. Mange av dei har trudd at dei ikkje har betalt ein parkeringsbot eller bompengar.

– Det er snakk om små beløp som blir etterspurt av svindlarane, men det er større beløp som vert tappa frå kontoane til dei fornærma. Nokre har blitt kontakta av svindlarar som har hevda dei er frå politiet eller Økokrim, vert det opplyst.