Ulukke: Eit skilt blei køyrd ned på Halhjemsvegen natt til i dag. Illustrasjonsfoto.

Politiet har i natt vore på Halhjemsvegen for å rydda: — Dette kan vera eit uhell, eller noko anna

Måtte fjerna eit skilt som nokon hadde køyrd ned.

Patruljen fekk i natt melding om eit skilt som hadde blitt køyrd ned ved Halhjemsvegen.

— Det var ingen på staden då patruljen kom til dit. Det var eit skilt som hadde blitt køyrd ned. Vi måtte rydda opp litt, og få bort skiltet slik at det ikkje låg farleg til, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meldinga kom inn i 04.30-tida.

— Om ein er ute og køyrer på den tida, så er ein gjerne litt trøytt, seier Lyssand og smiler, før ho legg til:

— Dette kan vera eit uhell, men det kan også vera noko anna, som ruskøyring.