Beslag: Politiet mistenkjer at teinene ikkje er sett til på vekesvis.

Politiet i Fusa har tatt beslag i 30 teiner

— Teinene har ikkje blitt sett etter, fortel Anders Opsal i Fusa-politiet.

Denne veka fekk politiet tips frå publikum om teiner som låg i området kring Nordtveit. Tipset resulterte i eit beslag av 30 teiner. Politiet held på å spora opp eigar.

— Årsaka til at vi tok teinene, er at vi mistenkjer at det er teiner for leppefisk som ikkje er blitt sett etter. Desse teinene skal røktast. Altså, dei skal sjåast etter og trekkjast kvar dag, seier Opsal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel han at det har dei god grunn til å tru at det ikkje er gjort med desse teinene.

— Kvifor det?

— Fordi dei er overgrodde. Det er mykje som tyder på at dei ikkje er sett til på vekevis, seier Opsal.