Fann mann i mørket: Politiet køyrde heim ein rusa mann som gjekk i mørket utan refleks.

Politiet køyrde heim rusa mann som vandra i mørket: — Bruk refleks, vi har ingen å mista

Trefte på rusa mann som gjekk langs vegen.

Det var natt til søndag i 02-tida at politiet trefte på ein mann i 30-åra som gjekk langs vegen på Lepsøy. Det skal ha vore lite lys på staden, og mannen var mørkt kledd. Han skal i tillegg ha fått i seg litt mykje alkohol.

— Dette var så trafikkfarleg at politiet valde å køyra mannen heim. Bruk refleks, vi har ingen å mista, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par timar seinare blei ein bilførar stansa på Lyseklostervegen. Bilføraren, ein mann i 30-åra, blåste til lågpromille på alkoholtest. Då politiet tok ein ny test, viste det seg at promillen var fallande.

— Førar blei gitt ei kraftig åtvaring for å køyra i rusa tilstand. Det blei ikkje oppretta sak, då promillen var for låg og det blei heller ikkje gitt pålegg, opplyser politiet.