Samling: Det var her på Osøyro bussterminal at det samla seg ei stor gruppe ungdom, som skal ha vore til sjenanse for andre.

Politiet måtte roa ned ei gruppe på 20 ungdomar som var til sjenanse

— Det var mykje skrik og skrål med dei, ifølgje meldar, seier politioverbetjent, Atle Birkeland.

Det var måndag kveld i 19.30-tida at politiet fekk melding om ei gruppe på 20 ungdomar som var til sjenanse for andre på bussterminalen på Osøyro.

— Dei skal ha halde på ei stund. Patruljen rykte ut, og fann ei større samling av ungdomar i alderen 13—17 år. Dei fekk beskjed om å roa seg ned. Det var mykje skrik og skrål, ifølgje meldar. Dei fekk også beskjed om å respektera andre som var på staden, og ikkje hindra lovleg ferdsle, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag hadde også politiet fleire trafikkontrollar saman med utrykningspolitiet (UP).

— Dei har vore ulike stader langs Byvegen. Resultatet er at éin er mistenkt for ruskøyring. Det er ein mann i 30-åra. Det står ikkje oppført kor mange bilar som blei kontrollerte, eller kva det var fokus på i desse kontrollane, men når ein er ute på kontrollar, plar ein å ha fokus på det meste, seier Birkeland.