Krangel: Politiet rykte måndag ut til ein krangel i Lysefjorden-området.

Politiet måtte skilja to partar som skal ha krangla om eit oppgjer etter byggjearbeid

Krangel på privat adresse i nærleiken av Sperrevikvegen.

Rett før klokka halv åtte måndag kveld, fekk politiet melding om ein krangel på ein privat adresse.

— Politiet måtte ut på staden for å sikra at begge partane gjekk kvar til sitt. Krangel om oppgjer i samband med byggjearbeid mellom entreprenør og ein privatperson, melder politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Mogleg at det kjem meldingar frå dei involverte i ettertid, legg Birkeland til.

Politiet fekk også meldingar om fleire stygge forbikøyringar måndag. Meldingane skal ha kome i 18-tida.

— Det skal ha vore motorsyklar som køyrde ned Fanafjellet i retning Ulven. Politipatruljen kontrollerte fleire syklar og førarar i området. Ingen reaksjonar, men dei blei bedne om å visa omsyn i trafikken og køyra forsiktig, skriv Birkeland i ein e-post.