Samla seg: Ei gruppe ungdom spelte fotball og høyrde på musikk i dette området måndag.

Politiet måtte snakka til ei gruppe på 15–20 ungdomar som samla seg på Nore Neset

– Eigentleg er det ei gladnyheit, men så er det tida vi er inne i då, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Patruljen reiste ut til området kring Nore Neset barneskule og fotballbanene måndag. Der hadde det samla seg ei gruppe på 15–20 ungdomar.

– Dei spelte fotball og høyrde på musikk, og kosa seg. Eigentleg ei gladnyheit, men så er det tida vi er inne i då. Politiet måtte be dei om å spreia seg, og opphalda seg i mindre grupper. Dei gjorde som dei fekk beskjed om, fortel Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 18-tida passerte mange motorsyklar gjennom Hegglandsdalen. Ein person som reagerte på køyringa, ringde til politiet.

– Meldinga gjekk på at dei køyrde fort og farleg. Samling av MC-er er eit vårteikn. Vi få sjå om vi kan gjera nokre tiltak for å førebyggja.